17/04/2026
Heio cup 2026 ⚽️⚽️⚽️
Årets Heiocup blir på kunsten søndag 26.april frå klokka 10.00 til om lag klokka 14.00.
Vi har i år ikkje eigne fotball lag i Uskedalen, men vi har mange born frå Uskedalen som spelar fotball ⚽️😇 i andre klubbar. Til tross for dette ynskjer fotballgruppa å arrangere den tradisjonelle cupen. Dette synes vi er stor stas og viktig for bygda.
For å få til arrangementet så treng ein litt hjelp. Mellom anna til parkering, orden og fairplay.
Dersom du kan hjelpe til, eller kjenner nokon som kan hjelpe ta kontakt med Monica på telefon 99468380.
Håper du har tid og moglegheit til å bidra 😃⚽️.
Styret i Uskedal idrettslag