13/05/2026
ONSDAG 20 MAI KL. 19.30 PÅ KINOEN
" The Commitments "
Dublin treng soul musikk , meiner arbeidslause Jimmy Rabbitte.
Han skraper saman kjentfolk frå amatørbandet på den lokale
dansebula og averterer i lokalavisa etter musikarar.
Opptaksprøvane held han heime hjå foreldra sine. Faren mislikar
dette. For han finnes det berre ein gud- Elvis.
Han heng i glas og ramme på veggen- over bildet av paven.
På ein eller annan overjordisk måte får Jimmy etablert bandet sitt.
Med lånte pengar skaffar dei seg instrument.
Eit gamalt, nedstøva danselokale over ein biljardsalong blir
øvingslokale. Snart får dei sin fyrste spelejobb.....
Filmen frå 1991 er basert på Roddy Doyle sin roman med same navn. Regien har Alan Parker
VELKOMEN til denne musikalske komedien frå irsk arbeidar-klasse.
Dette er siste film i vårsemesteret. Vi startar opp att til hausten
19 august. Programmet kjem her på sida så snart det er i boks!
GOD SOMMAR TIL ALLE!
PS. Sjekk kinoen sine seniorfilmar torsdagar kl. 12.00
Dei har mange gode på programmet.
Helsing Gerd, Ingunn, Øyvind, Johannes og Siri i
VOSS FILMKLUBB